tirsdag 10. mars 2009

Kunnskapssamfunnet

Sunnmørsposten har skrevet en god lederartikkel om hvorfor våre politikere må bli mer opptatt av hva vi skal leve av i fremtiden. Blant annet skriver de at:

"Mange politikarar har ikkje forstått alvoret, kor store utfordringar norsk næringsliv står overfor. Etter finanskrisa handlar det om omstilling og nyskaping i retning av eit meir kunnskapsbasert produksjonsliv. Abelia ønskjer seg at ei sterkare satsing på å utvikle ein kunnskapsøkonomi bør kome høgare opp i den politiske debatten, og det gjeld også på partia sine landsmøte til våren. Det er grunn til å helse ein slik trend velkomen. Sjølve byggesteinane i eit kunnskapssamfunn er forsking og utvikling, og her blir det satsa altfor lite. 

Professor Victor D. Norman ved Norges Handelshøyskole kom med vektige tankar i ein kronikk i Dagens Næringsliv laurdag, då han slo fast at det viktigaste vi kan etterlate oss er dei realressursane vi utstyrer barna og barnebarna våre med. Genane kan vi ikkje kontrollere, men utdanning og kunnskap kan vi gi dei. Han viste til kor mykje vi har tapt på den internasjonale aksjemarknaden, og skriv at ei finansiell formue lett blir flyktig. Ein million varer ikkje lenge om du tar til å bruke av han. Kunnskapskapitalen, det vi kan og det vi har funne ut og skapt, det er varige verdiar, og den viktigaste ressursen vi har."

Godt sagt. Og på Sunnmøre har de som kjent god greie på både omstilling og verdiskaping i næringslivet.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar